Låssenteret skal opne avdeling i Førde så fort dei finn folk

Opnar i lokale i Hafstadvegen i sentrum sør straks dei har fått tilsett folk.


Ivar Bruvik Sætre
Artikkel fra Firda– Vi har veldig stor aktivitet i området, seier konserndirektør Ståle Raa i Låssenteret AS.Låsesmedselskapet med hovudkontor i Bergen har avdelingar over store delar av landet og er Norges største frittståande låsesmedselskap.

Dei driv med sal, service og montering av komplette låsesystem og løysingar for åtgangskontroll. Selskapet har 215 tilsette og omsette for ca. 210 mill. i fjor.

Treng handverkarar
Nærmaste avdeling er på Nordfjordeid. Dei brukar tilsette derifrå og i Bergen til å betene Sunnfjord-området, men no ønsker Raa å vere tettare på med ny Førde-avdeling.

I første omgang jaktar dei dagleg leiar pluss 5–6 montørar. Eit lokale i Hafstadvegen 35 (omtrent vis a vis Esso) står allereie klart.

– På sikt vil vi ha både butikk og produksjon av låsesystem, service, installasjon og varelager der. Vi er primært på jakt etter folk med handverksbakgrunn, til dømes mekanikarar frå industri- eller bilbransjen, eller glas og fasade. Folk med slik bakgrunn blir normalt sett gode fagarbeidarar i vår bransje, seier Raa.

Eigd av dei tilsette
Han ser for seg å tilsette fleire etter kvart, så lenge aktiviteten forsvarer det.

Selskapet er eigd 72 prosent av han og resten av tilsette. Av dei tilsette kan dei som vil kjøpe seg inn med 10.000 kroner eller meir. 72–73 av dei 215 tilsette i selskapet har gjort det.

– Vi ønsker å utvikle Førde-avdelinga, og få inn folk med lokalkunnskap som kan drive avdelinga. Det er enormt aktivitet i heile regionen der. Vi har gjort klart til å opne avdelinga. Vi manglar berre menneska, seier han.

Låssenteret har hatt enorm omsetnadsauke i åra som har vore, og forventar ei omsetnad på 380 mill. kroner i år. Dei gjekk ut på finn.no med stillingsutlysingar for ei vekes tida sidan.

 

ADMINISTRASJONEN I LÅSSERVICE AS: F.v. Ståle Raa, Jorunn Astrid Svidal, Alexander Opheim, Tanja Li og Marianne Haugen.